Ved Rotevatnet i Volda var det så varmt på land at sjuåringane Sofie Caroline Nilsen og Kaia Kolbræk måtte kjøle seg ned med eit bad.

– Vi var så varme. Det er nesten som sommar. Men ikkje i vatnet – det er iskaldt. Uansett er det gøy å bade, seier dei to.

Nesten 23 grader

Meteorologisk institutt melder at den høgaste temperaturen i Ørsta/Volda var 22,4 grader i dag – noko som er den nest høgaste temperaturen målt i Møre og Romsdal i dag. Andre stader det har vore ein varm og fin søndag er her: Marstein fyr 22,5 grader, Valldal 22, 2 grader, Brusdalsvatnet 22 grader, Tafjord 21,9 grader, Ørskog 21,4 grader, Surnadal 20,3 grader. I Nordfjord var Stryn/Kroken varmast med 22,5 grader, etterfølgt av Sandane lufthamn med 22, 2 grader.

Varmast på Sola

Sola lufthavn i Rogaland vart årets første stad med over 25 grader, gradestokken viste 25,4 grader der i dag.

Gjer som meir enn 26.000 andre - følg smp.no på Facebook