– Det er privatfolk, ikkje kommunen, som har sett opp skilta. Men vi er einige, seier ordførar Stig Olav Lødemel (H).

Tidlegare var det nabokommunen Stryn som kunne skilte med «Norges dårlegaste veg» mellom Olden og Innvik. Men her er vegen utbetra, og skilta fjerna.

– Dei som køyrer regelmessig gjennom Hornindal seier at det ikkje har vore verre telehiv enn nettopp i år. Og det dukkar opp nye humpar frå dag til dag, seier Lødemel.

Han set sin lit til at Møre og Romsdal fylkeskommune set av pengar til ny veg, slik fylkesordførar Jon Aasen har signalisert.