I tillegg til å vise nokre klipp frå serien, var det kaker og kaffi, og sjølvsagt mulegheit for barna til å treffe både Marit og dyra på Hakallegarden.

Når serien startar 3. februar, reknar programskapar Eva Westvik med at rundt 125.000 landet over benkar seg for å oppleve kvardagslivet, med gleder og sorger, på ein gard som ho kallar ein nydeleg plass ute i havgapet.

Realistisk

- Vi vil gjerne få fram eit realistisk bilde, at eit sterkt forhold til dyr inneber både gleder og tap. Og så vil vi gjerne begeistre og fascinere sjåarane, seier Westvik.

Hovudpersonen, Marit Krakset (6), sa også nokre ord under festen fredag.

- Det var kjekt å vere med. Men litt kjedeleg på intervjua fordi eg måtte seie ting opp igjen og opp igjen.

Lys og fargar

Programskapar Eva Westvik seier lyset ute i havgapet er som skapt for barne-tv. Himmel møter hav og gir eit flott lys. Dette saman med sterke fargar, utsikta, dyr, hovudpersonen Marit og ein unik stad meiner ho gjer dette til ein svært flott tv-serie.

Dessutan meiner ho dei fleste historier på barne-tv blir fortalt frå byane. Ho trur barn på bygda vil kjenne seg igjen anten dei bur ved kysten eller i innlandet.

I serien fortel Marit (6) om sine betraktningar om garden og dyra. Sjåarane er med når dyr blir fødde, når dei blir sjuke, og når dei må sendast til slakting.

Mor Aina Moldskred Krakset er utruleg stolt over tv-serien.

– Det er flott filming, den er utruleg flott laga, med veldig fine bilde. Dei er så dyktige, dei som har laga serien, seier ho.

Ordførar

Ordførar Jan Helgøy i Vanylven tok ordet, svært glad for at Vanylven på denne måten kjem på skjermen. Han sa at det han ikkje har greidd å gjere for Vanylven på ei årrekke, det greier Marit Krakset i løpet av åtte episodar.