Tjuvar har slått til mot to bustadhus - i Oldedalen i Stryn og i Hornindal - og politiet trur innbrota har skjedd natt til laurdag. I Hornindal er det vidare meldt om innbrot i ein bil.

Fredag vart det også meldt om eit innbrot ved ein bustad i Markane i Stryn.

Politiet mistenkjer at det kan vere ein samanheng mellom hendingane og ber om tips. Ein mørk stasjonsvogn og ein rød Nissan Primera vart observert i samband med innbrotet i Oldedalen. I Hornindal er det observert ein mørk stasjonsvogn i samband med innbrota.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Frå bustadene er det stole lett omsettelege saker som datautstyr og sølvtøy.

Ingen var søndag morgon tekne for innbrota, opplyser operasjonsleiar Inge Verøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no.