Natt til laurdag vart ein mann i 30-åra politimeldt for bruk og besittelse av amfetamin under musikkfestivalen Malakoff. Vedkomande vart vist bort frå festivalen, opplyser politiet i Sogn og Fjordane.

Rundt éin time etter midnatt måtte nok ein person finne seg i å avslutte festen. Vedkomande, ein mann i 20-åra, er sikta for bruk av hasj. Han vart tatt med til lege for blodprøvetaking.

I tillegg vart ein tredje person vist vekk frå staden, på grunn av ordensuro. Éin person vart henta av slekt etter å ha vore overstadig rusa, opplyser politiet.

Roleg

Klokka 01.36 tikka det inn ei melding om bråk i taxikø ved rutebilstasjonen på Nordfjordeid, men då politiet kom til staden var der roleg.

Til trass for at rundt 10.000 menneske besøkte festivalen, gjekk det greitt for seg, stadfestar Synnøve Domben, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt. Verken trafikale utfordringar eller køar skapte nemneverdige problem.

-Vi får håpe at vi kan kome med ei likelydande melding i morgon, uttalar Domben.