Den viktige midtbanespelaren til Larsnes/Gursken, Oskar Gunnarstein, er klar for Ålesundsklubben Herd.

Han spelar for 2.-divisjonsklubben allereie i helgas serierunde mot Rødde, melder LGFK på heimesidene sine.

Gunnarstein er LGFKs toppskorar i år, og toppar adelskalenderen til LGFK med 123 kampar, ei plassering han deler med Leiv Sindre Muren.

Herd er svært nøgde med å ha signert midtbanespelaren:

– Oskar Gunnarstein er ein fysisk solid spelar med eit godt tilslag, og han kan spele i fleire posisjonar. Han likar å trene mykje og kjem til å bidra med gode haldningar inn i laget. Vi ønsker Oskar velkomen til Herd, melder Klubben på heimesidene.