Jan Tore Hamnøy har søkt på stillinga som rådmann i Haugesund. Hamnøy er opphavleg frå Skodje, og jobbar i dag som administrerande direktør og ansvarleg redaktør i Haugesunds Avis.

Torsdag føremiddag informerte han dei tilsette i avisa om at han har søkt på stillinga, melder h-avis.no.

Hamnøy seier han vart kontakta av eit rekrutteringsbyrå om stillinga, og bestemte seg for å søke.

Han presiserer at han trivst veldig godt i Haugesunds Avis, og avviser at han søker seg bort frå avisa.

36-åringen har hatt toppstillinga i Haugesunds Avis sidan desember 2012. Før det jobba han i Mentor Media, som mellom gir ut Vårt Land.