Fleire kommunestyrerepresentantar i Volda har teke kontakt med ordføraren etter at dei forstod konsekvensen av vedtaket dei var med på, nemleg at Hornindal ikkje har tid til å vente på folkerøysting og dermed ligg an til å vrake Volda til fordel for Stryn.
Ordførar Jørgen Amdam stadfestar at det blir ekstraordinært kommunestyremøte 28.juni.
– Eg er blitt kontakta av fleire som ønskjer nytt møte med bakgrunn i det dei såg blei konsekvensen av vedtaket, seier Amdam.
Vil ha avtale på plass
Han og resten av forhandlingsutvalet i Volda er måndag kveld samla til å få i stand ein intensjonsavtale for samanslåing med Hornindal.
Målet er å få til ein avtale som kan behandlast den 28. juni. Amdam meiner også det då blir fleirtal for å gjere om vedtaket og droppe folkerøysting.
Hornindal og Volda snakkar vidare saman Truleg over og ut for Volda-Hornindal
Meir enn kommunegrenser
Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel er einig.
– Volda er i høgste grad alternativ, men det er avgjerande at vi kan seie noko om Austefjord-området og skape tettare kontakt mellom bygdene, sa Lødemel.
Han la til at han ønskjer å setje i spel meir enn kommunegrenser med eit eventuell samanslåing med Volda.