I Energimeldinga, som kom tidlegare i år, varsla Regjeringen at det skulle setjast ned ei ekspertgruppe for å vurdere om reglane om konsesjonskraft og konsesjonsavgifter skulle forandrast.

Konsesjonsordningane har stor økonomisk betydning for norske kraftkommunar. Formålet med konsesjonsordningane er å sikre vertskommunane ein andel av verdiskapinga frå vannkraftutbygginga.

Fredag vart det kjent at Høgre, Frp, Venstre og KrF har kome til ei semje. Partia meiner at dagens ordning fungerer etter intensjonen, og at det derfor likevel ikkje skal setjast ned ei gruppe for å vurdere ordningane, heiter det i ei pressemelding.

– Det er veldig gledeleg at vi har fått til ei semje om at kommunane får behalde kraftinntektene sine. For KrF har det frå starten av vore viktig at det ikkje blir omleggingar som reduserer kraftkommunane sin andel av verdiskapinga, og vi er glad for at dette no blir slått fast, seier Rigmor Andersen Eide, stortingsrepresentant for KrF.

– Konsesjonsordningane sikrar kommunane ein andel av verdiskapinga som vannkraftutbygginga gir, og er av stor økonomisk betydning for kommunesektoren. I Venstre er vi glade for å kunne bidra til at denne viktige ordninga blir vidareført, slik at kommunane kan bruke desse inntektene til skular, eldreomsorg og andre velferdstilbod, seier Pål Farstad, stortingsrepresentant for Venstre.