Endre Standal på Ytre Standal i Hjørundfjorden målte 614,5 millimeter nedbør i desember, altså tett på 20 millimeter i døgnet.

– Dette er det meste på ein månad sidan eg byrja med målingar i 2003, skriv Standal på si Facebookside, der han har jamlege vêroppdateringar.

Fuktigast

Målinga er uoffisiell, men også dei offisielle vêrsidene til yr.no stadfestar at desember var den fuktigaste månaden i fjor på Nordvestlandet.

I Ålesund var det 284 millimeter nedbør på måle- stasjon Nørve, solid over den nest våtaste månaden som var sommarmånaden august med 170 millimeter. Elles var desember året før, altså i 2015, enno meir nedbørsrik med 295,8 mm nedbør i Ålesund.

Ved vêrvarslinga på Vestlandet kunne dei måndag ikkje svare på om det var nokon som kunne matche Ytre Standal sin desembernedbør på 614,5 mm.

Men ein sjekk på offisielle målstasjonar viser 441,8 mm i Stryn, 448,4 mm på Fiskå og 294,4 mm i Tafjord.

Kraftjubel

Arild Stokke i Ørsta sentrum opplyser at han har målt 523 mm i desember, medan Tussa sin har målt 546 mm på Åmelakraftverket i Dalsfjord.

– Er det rekord?

– Det veit eg ikkje, men det er ganske mykje på ein månad, seier Kjell Idar Saure i Tussa Energi.

Dermed er det ikkje noko problem med magasinfyllinga til kraftselskapet.

– Magasina som ligg i ytre strok er breiddfulle, sidan nedbøren har kome som regn der, men i indre strok har nedbøren kome meir som snø. Der det har snøa heile tida, det vil seie over 1.000 meters høgde, har det nok kome 3–4 meter snø i desember, meiner Saure.

Han har ikkje noko imot den regnfulle førjulstida.

– Det er greitt å få nok vatn slik at vi kan produsere om vinteren, då prisane normalt er betre, seier Kjell Idar Saure i Tussa Energi.

Året under eitt var det ikkje spesielt mykje nedbør på Nordvestlandet. Årsnedbøren i Ålesund var 1.344,9 mm i 2016, noko som er nært normalen på 1.356 mm.

Minst nedbør var det juni (16,7 mm i Ålesund).

Og eit anna sommarminne: Varmaste dagen i fjor var 21. juli, med 31,7 grader i Tafjord.

foto
Endre Standal på Ytre Standal har vêrstatistikk som hobby. Desember baud på nedbørsrekord. Arkivfoto: Knut Arne Aarset
foto
Frå den varmaste dagen i fjor: 21. juli. Badeglede i Ålesund. Arkivfoto Foto: Bjørnar Torvholm Sævik