Ein mann og ei kvinne - begge i 20-åra, vart sendt til Ålesund sjukehus etter ei trafikkulykke på FV146 på Grytastranda i Haram kommune, måndag morgon.

- Det er to bilar involvert, og dei skadde skal vere ute av bilane, melde Sunnmøre politidistrikt på Twitter rett før klokka 08.

- Dei to blir no sjekka av helsepersonell på staden. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skadar, opplyste operasjonsleiar til smp.no kort tid etter.

Seinare kunne sjukehuset stadfeste at begge dei to slapp med lettare skader.

Det vart rekvirert bergingsbil for å fjerne bilvraka etter kollisjonen.

Ifølgje politiet skal kollisjonen ha skjedd som ei møteulykke, etter at ein av bilane gjorde ei forbikøyring.

- Med bakgrunn i dette er førarkortet til mannen som er skadd, beslaglagt. Det var han som køyrde forbi, opplyser operasjonsleiar Kenneth Sætre til smp.no.