Aps ordførarkandidat i Stordal, Eva Hove, har gjort  eit brakvalg. Partiet har ein framgang på over 17 prosent og endar på praktisk talt 40%.

Charles Tøsses vandrig frå kommunepolitikk til fylkespolitikk har først til at partiet taper omtent like mykje som Ap går fram.

I Stordal har Charles Tøsse (H) vore ordførar sidan 2003. No vil han ha nye utfordringar, og stiller ikkje til attval. I staden siktar han seg inn som ny fylkesordførar.

Det er stor sjanse for at den nye ordføraren i Stordal anten kjem frå Arbeidarpartiet eller Høgre. Ap stiller med Eva Hove som ordførarkandidat. Høgre har ikkje lansert nokon ny ordførarkandidat – men har iallfall Jan Arve Remme på topp på si liste