I dag tysdag har det gått fleire skred i Sogn og Fjordane fylke. Ovanfor Hornindal skisenter, ved fjellet Lisjenibba, gjekk det tre skred. Ved Stryn skisenter gjekk det eitt.

Ved 13.30-tida gjekk skredet ved Lisjenibba. Skredet utløyste to andre ras og ein skiløpar blei fanga mellom to ras. Skredet til tross, skiløparen var heldig og blei ikkje skada.

- Han hadde flaks, seier Amund Sverre Tomasgard, driftsleiar ved Hornindal skisenter som beskriv rasa som store.

Dei tre skreda gjekk ikkje i nærleiken av Hornindal skisenter. Likevel pleiar folk å renne i området ved Lisjenibba etter at dei har tatt toppturen til fjellet Høgenibba.

- Det går ein del folk i dette området og det kan vere skummelt å opphalde seg i brattene når forholda er som dei var i dag, seier Tomasgard.

Det er gårsdagens snøfall i kombinasjon med sola sin plussgrader som har utløyst rasa.

Les også: Skred utløyst ved skisenter

Måtte rykke ut

Også ved Stryn skisenter gjekk det skred. Her rykte naudetaten ut. Klokka 12.30 blei eit skred utløyst på toppen av skisenteret. Det blei gjennomført søk i området med ein gong. Det blei raskt avklart at det ikkje hadde gått folk i skredet. Tilsette ved skisenteret opplyste at skredet var om lag 50 meter breitt og 100-150 meter langt.

Skredfaren i Sogn og Fjordane er vurdert til å vere betydeleg med ein faregrad 3. Ferdsel i skredterrenget krev kunnskap og erfaring i ruteval ifølgje varsom.no. I morgon skal faregraden minke til grad 2.

Lisjenibba er det midtre fjellet. Foto: Anne-Mari Tomasgard