Det står ikkje på gjennomføringsevna hos Tone, Sunniva og Britt.

Tysdag førre veke fekk damene frå Leikong ideen om ein kunstkafé i Ulsteinvik.

Bakargarden har stått tom sidan dei siste drivarane takka for seg i slutten av juni. Men no blir det altså pusta nytt liv i dei flotte lokala i Kyrkjegata i Ulsteinvik – iallfall for nokre dagar i sommar.

Tone har med seg dottera Sunniva Drage og systera Brit Dimmen på prosjektet.

– Det var for gale at denne flotte kafeen skulle stå tom i sommar, seier Tone.

Litt late

– Vi har eigentleg vore litt late sidan vi opna, seier Tone.

For sommarkafeen har ikkje vore omtalt andre stader enn i jungeltelegrafen før no. Sunnmørsposten stakk hovudet innom fordi vi såg ei opa dør til ein kafe vi trudde var nedlagd

Tone er likevel  ikkje nokon nykomar i bransjen. Tidlegare år har ho drive både med kunst- og sommarkafé på Leikong.

For det er ikkje berre kanelbollar og muffinsar dei byr på i kafeen i Kyrkjegata. Glaskunsten til Tone har også fått plass.

Tek det som det kjem

Medan ho er ute i kafeen, står Sunniva på kjøkenet. Og det er tydeleg at dei evnar å tilpasse seg marknaden.

– Då vi hadde ope sist laurdag, fekk vi inntrykk av at mange ville ha noko som var sunnare enn bollar og brownies. Så no byr vi på både salatar og sandwichar, som vil lagar på bestilling, seier Sunniva.

– Men i denne varmen burde de kanskje vurdert å investere i ei iskremmaskin?

– Du, det har eg faktisk tenkt på. Vi har ei heime på kjøkkenet, som kanskje kan brukast.

Kunstkafeen blir driven etter «vi tek det som det kjem»-prinsippet.

– Vi held ope kvar fredag og laurdag i juli. Etter det får vi sjå.