Det seier ordføraren i Giske, Harry Valderhaug, dagen etter at kommunestyret i Giske med 15 mot åtte stemmer vedtok at kommunen skal gå i drøfting med nye Ålesund kommune.

Ap, Høyre, Frp og deler av KrF og Tverrpolitisk liste, stemte for dette forslaget.

– Eg er glad for at det vart fleirtal for å ta denne sjekken om kva Giske eventuelt oppnår ved å bli med i stor- kommunen mot å halde fram som eiga kommune. Giske er inga lita kommune, og eg trur vi har mogelegheit til å klare oss sjølve, så vi står ikkje på kne for å få bli med i nye Ålesund, seier KrF-ordføraren som stemde for å gå i dialog med storkommunen.

Valderhaug var allereie fredag i kontakt med leiaren for fellesnemnda for nye Ålesund, Eva Vinje Aurdal, for å finne tidspunkt til drøftingane med storkommunen før sommar-ferien.

– Resultatet av drøftingane skal leggast fram for kommunestyret som eiga sak 27. september. Då skal kommunestyret ta endeleg stilling til om Giske skal halde fram som eiga kommune eller bli ein del av nye Ålesund, fortel ordføraren.

Rapport

Under kommunestyremøtet torsdag vart det lagt fram ein rapport om status og Giske si evne til å stå åleine vidare. Den går mellom anna på økonomi, interkommunale samarbeidsavtalar og kompetanseutfordringar. Rapporten vart tatt til vitande av kommunestyret, og blir tatt med vidare i prosessen.

– Det er ingen ting i rapporten som tilseier at det er ein fordel for Giske å gå inn i nye Ålesund. Difor stemde eg imot å starte slike drøftingar, seier Britt Giske Andersen (v).

– Men det er på tide at vi landar dette no, og får ei avklaring om vi skal halde fram åleine eller i Nye Ålesund, legg ho til. I kommunestyrevedtaket går det fram at det skal gjennomførast innbyggarundersøking der folk i Giske skal få høve til å seie sitt om kommunesamanslåing.

– Ei slik innbyggjarundersøking hadde vi 2016 i tillegg til folkeavrøysting, og no gjer vi det på ny for å best mogleg grunnlag å ta ei endeleg avgjerd på, seier Harry Valderhaug som og skal ta kontakt med Kommunal- og fornyingsdepartementet for å få avklart dei økonomiske sidene ved å bli ein del av storkommunen eller halde fram som eiga kommune.

– Dersom det går raskt å få tak i informasjonen vi treng for å legge fram ei ny sak for kommunestyret, er det mogleg vi kan forsere neste kommunestyremøte som er sett til 27. september. I respekt for våre eigne innbyggjarar og kommunane i nye Ålesund er det viktig å få ei endeleg avklaring så raskt som råd, seier Giske-ordføraren.

Ordførar: Giske-ordførar Harry Valderhaug skal ha samtalar med nye Ålesund. Foto: Marius Simensen