Leiar for nemnda, Frank Sve, ber fylkesordføraren om å ta grep:

– Vi er stort sett både skaka og sjokkert, skriv Sve i ein e-post til Jon Aasen.

Til Sunnmørsposten seier Sve dette:

– Vi som politikarar set saka sjølvsagt på sakskartet på torsdag – men no har vi inga saksutgreiing å bygge på.

Også Kristin Sørheim, leiar av samferdselsutvalet, seier det er uforståeleg at administrasjonen ikkje har sett Nordøyvegen på sakskartet i morgon.

Næringslivet vil bidra meir

Tirsdag vart det samtidig klart at næringslivet i Sandøy vil justere sitt bidrag.

Eit utspel frå Rostein og Huse vart for to veker sidan presentert i Sunnmørsposten: Som ei løysing på kostnadssprekken for Nordøyvegen kan dei tenke seg å vere med på å bygge Sørsida-skulen i Ålesund.

I går møtte dei fylkesordføraren og fylkesrådmannen for å drøfte saka. Frå brønnbåt-selskapet Rostein kom blant andre Glen Bradley.

– Eg fekk eit veldig godt inntrykk av fylkesordførar og fylkesrådmann, dei står fram som veldig kompetente og løysingsorienterte. Eg forstår hovudutfordringa er at dagens forskrifter ikkje er gunstig for vår første ideskisse, og at det derfor er fordyrande. Vi vil derfor sjå om det kan gjerast justeringar som gjer det meir positivt og aktuelt for fylkeskommunen, seier Bradley – før han legg til.

– Eg trur alle ser at dette er ein god periode å investere i. Deloitte gjorde i 2016 ei berekning som viste at Nordøyvegen etter 40 år vil gå med eit overskot på 491 millionar kroner.

Til møtet i går kom også fire ordførarar frå nye Ålesund. Frå før er det kjend at dei vil bidra med 200 millionar kroner for å få realisert Nordøyvegen.

– Ei kompleks sak

Samtidig legg politikarane på fullt trykk. Leiaren i plannemnd for samferdsels- utbygging (PNS), Frank Sve, er i harnisk.

– Eg har sendt over skriftlege bestillingar til samferdsels- sjefen i samband med grunnlag til å kunne drøfte Nordøyveg-saka i PNS-utvalet sitt møte den 28. juni. Det var ok, har eg fått melding attende om, skriv Sve i e-posten til fylkesordføraren.

I går var samferdselssjef Arild Fuglseth på ferie. Ein ordknapp Per Ove Nydal stadfester at dei har ein intern prosess der dei reknar på det som har kome inn. Han seier også at dette er ei kompleks sak som krev mykje arbeid.

– Dei kan jo legge fram det dei veit, då, seier Sve til Sunnmørsposten.

– Hovudsaka er å få full oversikt både over anbodet og over handlingsrommet vi har. Elles er det viktig å få arbeidd seg igjennom nullalternativet, altså 40 års ferjedrift med null- og lågutsleppsfartøy, understrekar Sve.