UNIL kallar tilbake First Price grillpølser etter funn av listeria. Produktet er berre selt i Vestland og Møre og Romsdal. Foto: UNIL / NTB / NPK

Tilbakekallinga gjeld produkt merket med best-før-dato: 22.04.2023, 23.04.2023 og 24.04.2023, opplyser Coop.

– Varene er fjerna frå butikkhyllene, men nokre kundar kan likevel ha fått kjøpt produktet. Listeria vil døy ved tilstrekkeleg varmebehandling, men det finst jo dei som et kalde pølser, og vi ønskjer derfor å varsle kundane våre då dei skal kunne stole på at dei produkta dei handlar hos oss, er trygge, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Norge.

First Price-pølsene som blir trekte tilbake, har best-før-dato 22.04.23, 23.04.23 og 24.04.23.

Pølsene det gjeld, er selde i enkelte av Norgesgruppens butikkar i Vestland og Møre og Romsdal. Produktet er allereie fjerna frå butikk, opplyser dotterselskapet Unil.

(©NPK)