Dette er uvanleg så tidleg i sesongen, og kan medføre eit høgt smittepress på utvandrande smolt, heiter det i ei pressemelding frå Norce.

Undersøkingane vart utført på oppdrag frå Miljødirektoratet og resultata var oppsiktsvekkjande. I gjennomsnitt hadde sjøaurane som vart undersøkt 74 lus per fisk. På det meste vart det observert 237 lus på ein sjøaure.

– Det er for mykje lus, og vi veit at villfisken vert påført skadar av dette. Mykje lus har vi sett mange gongar før, men ikkje like tidleg på året, seier Norce-forskar Espen Olsen Espedal.

Forskaren trur årsaka til det store smittepresset kan vere at effekten frå våravlusinga ikkje har inntreft endå.

På grunn av høge temperaturar i fjordvatnet utover sommaren, er det ein fare for at smitten held fram med å vere høg, opplyser Espedal. Han anbefaler oppdrettarane om å koordinere våravlusing betre.

(©NPK)