Handlinga i Atlanterhavsspelet er henta ut frå kystkulturarven vår, og handlar om det strevsame kystlivet på midten av 1800-talet.

Det er ei sterk og dramatisk historie, som også er krydra med mykje god humor, heiter det i ei pressemelding frå Teaterdrift Møre.

Pandemi-pause

Den opphavlege planen var å ta spelefri i 2019 for å bygge ei sterk organisasjon, og så kome tilbake på scena i 2020.

Men pandemien sette ein stoppar for Atlanterhavsspelet både i 2020 og 2021.

No er dei tilbake, med Kystfortet i Bud som ei ramme rundt spelet.

Frå det fem meter høge amfiet kan publikum følge handlinga, med skjergarden utanfor Bud og Atlanterhavet som kulisser.

Premieren på Atlanterhavsspelet er 28. juli. Deretter blir det framsyningar 29. juli, 30. juli, 31. juli, 4. august, 5. august og 6. august.

Fire gonger Skar

Jørn Skar står for manus, Eldar Skar for musikken. Medan Endre Skar er produsent og har regi. Og endå ein Skar, Annbjørg Rørvik Skar, er produksjonsleiar.

I dei profesjonelle hovudrollene finn vi Per Egil Aske, Svein Solenes, Line Brå Johansen og Svein Roger Karlsen. Lokale aktørar i berande roller er Kristian Fedje, Rune Kleppen og Marit Eide Solheim.

Atlanterhavsspelet samarbeider med Bud Idrettslag, Bud Sogelag og Romsdalsmuseet.