Etter hendinga har dagleg leiar i Tår As, Ruben Dalsbø, meldt saka til politiet som no ber publikum om å kome med tips om dei har sett noko som kan bidra til å løyse saka.

– Politiet har mottatt ein anmeldelse på tjuveri frå Tår Snackbar. Forholdet skjedde natt til tysdag den 10 oktober, klokka 00.25 i Ervik og 01.00 i Selje. Politiet etterforskar saka og ønsker i den forbindelse tips. Viss du veit kven personane på bilda er eller har observasjonar av ein bil i det aktuelle tidsrommet, ver venleg å ta kontakt med politiet på Nordfjordeid, skriv Vest politidistrikt seksjon Stad i ein e-post til Fjordenes Tidende.

Politiet ber folk som kjenner igjen personane på bildet om å ta kontakt. Foto: Overvakningskamera
Politiet ber folk som kjenner igjen personane på bildet om å ta kontakt. Foto: Overvakningskamera