Det har vore eit par klagar som gjeld ulik type støy natt til søndag.

I Ålesund sentrum klaga naboar på bjeffing frå ein hund som var i ein bil like før midnatt laurdag kveld. Ein politipatrulje reiste ut på staden og fekk kontakt med hundeeigar. Han fekk pålegg om å sørge at det blei slutt på bjeffinga.

I Ulsteinvik kom det i halvfiretida klage på feststøy frå ein bustad, og politipatrulje gav pålegg om å dempe musikken.