– Eg gler meg til årets leir, å kunne tilby ungdommane varierte aktivitetar og mykje moro. 4H-arane får moglegheit til å lære seg å bruke alt frå motorsag, padle kajakk, karate, sveise, klatre, lage mat – til å danse swing, fortel fylkesleiar Ragnhild S. Bjørkedal i ei pressemelding.

Fargerik

Årets tema er fargerik. Dette betyr at tuna blir pynta ut frå temaet, og at alle kler seg fargerikt på laurdagskvelden.

– Med dette viktige temaet er målet og ynsket å vise ungdomane kor viktig det er med mangfald og å inkludere alle i samfunnet vårt. 4H er for alle, legg Bjørkedal til.

Fylkesleiar Ragnhild S. Bjørkedal. Foto: 4H

Natur og menneske

4H sitt formål er å utvikle aktive og samfunnsengasjerte ungdomar med ansvarsfølelse og respekt for natur og menneske.

Dei er ein aktiv organisasjon med over 10.000 medlemmer på landsplan, fordelt på nærare 500 lokallag. I Møre og Romsdal har 4H-laga nesten 700 medlemmer.