– Dei endra føresetnadene påverkar ikkje berre offentlege verksemder som sjukehus, politi, skular og andre, men også verdien av tilskot til bedrifter og organisasjonar og overføringar til folk, som til dømes barnetrygd. Dette gjer vi noko med, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i ei pressemelding fredag morgon.

Målet med justeringane er at utviklinga i det offentlege tenestetilbodet blir omtrent som føresett i budsjettet då Stortinget vedtok det.

– Vi varslar dette tidleg slik at offentlege verksemder og andre som får pengar over statsbudsjettet, kan planleggje året på ein god måte. Det vil framleis vere eit stramt budsjett, men vi må unngå at verksemdene må kutte som ei følgje av dei endra føresetnadene, seier Vedum.

– Mange milliardar

NRK , som omtalte saka eitt minutt før Finansdepartementet sende ut pressemeldinga, skriv at regjeringa då dei la fram statsbudsjettet i fjor haust, la ein prisvekst på 2,8 prosent i 2023 til grunn. No meiner dei fleste økonomar at det prognosen er for låg. Statistisk sentralbyrå anslår at prisane vil stige med 4,9 prosent i Noreg i år.

I og med at statsbudsjettet er på 1.748 milliardar kroner, betyr justeringa etter det endra prisvekstanslaget at regjeringa må bruke mange milliardar kroner meir.

– Ja, det er mange milliardar per prosentpoeng, seier Vedum til NRK.

På «Politisk kvarter» fredag morgon seier Vedum at det er for tidleg og uansvarleg å seie no nøyaktig kor mange milliardar kroner ekstra regjeringa vil bruke.

– No er januar akkurat ferdig, og så må vi bruke månadene fram til revidert så vi får best mogleg grunnlag til å få eit best mogleg anslag for å vurdere kva prisveksten blir i 2023, seier han.

Kjem saman med revidert nasjonalbudsjett

Dei konkrete endringane vil leggjast fram i samband med revidert nasjonalbudsjett i mai.

Her vil regjeringa komme med forslag for Stortinget om ein pris- og lønnsjustering av budsjettet som veg opp for den ekstraordinære kostnadsveksten i år.

– Statsbudsjettet blir vanlegvis ikkje justert for slike endringar gjennom budsjettåret. Når pris- og lønnsveksten ligg an til å bli så mykje høgare enn det som var føresetnaden, er det likevel behov for å justere nivået på løyvingane i 2023. Dersom vi ikkje gjer dette, vil aktivitetane i sjukehus, politiet, skular og andre viktige tenester bli lågare enn budsjettet la opp til, skriv Finansdepartementet i pressemeldinga.