Vinterferien er like om hjørnet, og fleire planlegg tur til både hytte og fjell. I ekte vinterstemning kjem snøen dalande til helga.

- Det vil kome 15 til 20 centimeter med nysnø i løpet av laurdag og søndag over store delar av Sunnmøre og Romsdalen, seier vakthavande meteorolog Ivar Gjellestad ved Vervarslinga på Vestlandet.

Sjå vêret der du bur

Vêrutsiktene er like for heile Sunnmøre. Frå måndag av vil temperaturen falle noko.

- Det blir kjøligare på måndag og fram til onsdag. Sola vil likevel titte fram og det vil vere lite vind i området, seier Gjellestad.

Oddsa er difor store for at du kan slappe av ved hytteveggen med sola i andletet.

- Det vil bli eit veldig godt vinterferievêr, seier Gjellestad.

Webkamera: Sjå vêret i Ålesund no

Webkamera: Sjå vêret på Strandafjellet