- Kva er di hjartesak?- Det er vanskeleg å svare på, fordi det er så frykteleg mange. For meg er det viktig å leggje til rette for ei god distriktsutvikling. Verdiane blir hausta inn i distrikta, og då er det viktig å ta heile Norge i bruk. Å bruke ressursar på å skape gode skular og styrke eldreomsorga, brenn eg òg for. Næringspolitikk og samferdsle, nei, eg kunne halde på lenge med oppramsinga. Alt er så interessant.

- Kva var det som gjorde at du ville engasjere deg politisk?- Samfunnsfag var favorittfaget på skulen. Då Anne Enger Lahnstein heldt landstyretalen i 1993, fann eg ut at det var så mykje bra, og dermed sklei eg rett inn i sentrumspolitikken. Seinare vart eg spurd om å stå på kommunelista. Der har eg stått sidan.

- Kor lenge har du vore med i politikken?- Sidan 1993.

- Korleis nyttar du sosiale media i valkampen?- Her kunne eg ha vore mykje flinkare. Facebook brukar eg litt. Når eg reiser rundt og står på stand for Senterpartiet, legg eg ut bilete. Sosiale media er staden for raske nyhende. Det er viktig å henge med der.

- Kva er din beste sommar?   - Det er vanskeleg å trekkje fram ein blant veldig mange. Eg har gode barndomsminne frå ein fin oppvekst. I tillegg har eg fått tre born, og hatt fleire flotte ferieopplevingar med dei, mellom anna feriar med båt. Dersom eg måtte plukke ut éin sommar, hugsar eg godt sommaren i 1997. Då var det veldig varmt og sol heile tida. Eg må innrømme at eg er svak for sol og finvêr, anten det er Spania-sol eller heime på Vestnes.

- Og din verste sommar? - Eg veit ikkje heilt om eg kjem på nokon. Eg irriterer meg ikkje så lett. Dagane er som årstidene her, ein har gjerne alle på ein og same dag. Eg har lagt ut på nokre fjellturar som har vore tunge, kor toppane har vore langt nok unna, for å seie det slik. Ordførarturen i fjor, til dømes. Vi skulle til Sandfjellet, Vestnes sitt høgaste fjell (1470 moh.). Det var regn, vått og kaldt. På toppen var det heilt tåkelagt. Vi hadde gledd oss til utsikta, men det var ikkje mykje å sjå. Gjengen hadde godt humør, i det minste. Eg hugsar òg ein sommar på Sørlandet kor borna endeleg skulle få sjå Kaptein Sabeltann. Der vart det torevêr, og vi måtte berre avbryte. Det var ikkje så kjekt.