- Elevane skulle vore på turne med dette. Dette var ei fantastisk framsyning, seier rektor Ove Bjørlo etter at suksessen var eit faktum søndag ettermiddag.

Sjå bildeserien frå den imponerande framsyninga !

Fulle hus

Elevane har spelt og sunge for tre nesten fulle hus i Operahuset Nordfjord.

Om det blir fleire framsyningar er usikkert, men publikum som såg framsyninga i helga var svært imponert. Nokre kom for andre gong søndag for å få det med ein gong til.

Stolt

Og dirigent og regissør Michael Pavelich er godt fornøgd med elevane sin innsats:

- Eg er utruleg stolt. Elevane har gitt meg mykje inspirasjon, seier Pavelich.

Les sak i Sunnmørsposten måndag 19. mars

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Peter Smørdal og Marte Rønnestad i rollene som Jean Valjean og Fantine, i musikalen basert på Victor Hugo sin roman Les Misérables, Dei elendige. Foto: Anne-Mari Tomasgard