Det tek elev- og lærlingombod Monica Molvær til orde for i årsrapporten som vert lagt fram som referatsak for utdanningsutvalet torsdag 5. mars.

Av den går det fram at ikkje berre seksuell trakassering, men også klage på lærarar er døme på vanskelege saker som elev- og lærlingombodet har hatt å jobbe med i året som gjekk.

Møre og Romsdal har hatt elev- og lærlingombod sidan 2006. Av fylka i Norge er det berre Hordaland og Troms som i dag ikkje har eigne elev- og lærlingombod. Dei 17 omboda i Norge møtest to-tre gonger i året.

Nødvendig

I årsmeldinga skriv Monica Molvær at arbeidet som vert utført er både verdifullt og nødvendig.

Tema som seksuell trakassering i lærebedrift har vorte aktualisert gjennom ei sak som ombodet har jobba med. I arbeidet med denne saka vart ombodet merksam på at Sør-Trøndelag fylkeskommune har utarbeidd eigne retningslinjer for arbeid mot seksuell trakassering på læreplassen.

Ombodet ønskjer at Møre og Romsdal fylkeskommune skal setje temaet på dagsorden, og utarbeide eigne rutinar for korleis ein skal førebyggje at lærlingar vert utsett for seksuell trakassering på arbeidsplassen.

Klage på lærarar

Klage på lærarar er ei sak som har utmerkt seg over fleire år. Nokre av desse klagesakene har også vore av alvorleg karakter.

Mange av sakene omhandlar dårleg kommunikasjon mellom elevar og lærarar. Ombodet opplever at skulane tek alle saker som kjem frå ombodet på alvor, og er glad for at skulane er flinke til å ordne opp.

Mangel på arbeidsavtale

Eit anna tema som har aktualisert seg i kjølvatnet av lærlingsamlingane, er mangel på arbeidsavtalar for lærlingar, i tillegg til lærekontrakten.

Ombodet har vore i kontakt med andre fylkeskommunar som ber bedriftene sende inn arbeidsavtalen som eit vederlag til lærekontrakten når den skal godkjennast av fylkeskommunen. Det er ikkje noko fylkeskommunen kan krevje sidan det dreiar seg om ein privatrettsleg avtale mellom to partar. Men ombodet trur det vil gjere at fleire får

Monica Molvær er elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal.