– Ein milepåle er no nådd med at det blir sprengt hol i Ljøtunnelen. Det har vore nokre utfordringar med mykje vatn og nokre soner med dårleg fjell, men det var ikkje uventa. Å få bygd ferdig dette tredje og siste byggesteget vil vere godt merkbart for trafikantane, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i ei pressemelding.

Les også: Første salve på siste tunnelen

Den nye Ljøtunnelen vil erstatte dagens tronge, våte og mørke tunnel, i tillegg til at strekninga Røyr – Hellesylt blir trygg for snøskred.

Den første salva i tunnelen gjekk av 5. juni 2014, og onsdag går altså siste salva. Tunnelen blir opna opp for trafikk før vintersesongen 2016–2017.