Stranda hamnevesen har teke affære etter fleire år med doklagar frå publikum. I perioden 21. mai til 29. september er det leigd inn to toalett-containerar i Geiranger.

– Vi betaler for den eine, Stranda kommune for den andre, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.

Når det gjeld Hellesylt så står det mellom to alternativ: Anten leiger hamnevesenet toalett i samfunnshuset, eller så leiger dei inn ein container her også.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook

Hamnevesenet skal sørge for skilting begge stader, medan kommunen skal stå for vask og tilsyn av toaletta.

– No blir det betre dotilhøve i dei to bygdene enn nokon gong før, meiner hamnesjefen.

I 2017 skal eit heilt nytt toalett stå klart på kaia i Geiranger.