– Eit vel fungerande lokalsjukehus må også ha akuttavdeling. Det å ta vekk akuttberedskapen går også utover andre avdelingar. Når ein pasient kjem til mottaket kan det vere uklart kva som er galt. Då vert pasienten vurdert av fleire spesialistar frå fleire områder, til dømes akuttkirurgar.

Det er dette samspelet Synnøve Rekkedal Hill, initiativtakar til fakkeltog og tilsett ved sjukehuset i Volda, fryktar kan forsvinne om akuttavdelinga ved Volda sjukehus vert lagt ned. Ho fryktar at ei nedlegging av akuttavdelinga kan få konsekvensar for andre delar av sjukehuset også.

Ny plan

– I løpet av ein time var det nesten hundre som hadde delt meldinga eg la ut på Facebook. Eg la også ut ei melding der eg presiserte at arrangør er Folkeaksjonen for Volda sjukehus der også Per Johan Ramsli og Jørund Knardal deltek. Den er delt av veldig, veldig mange og vi får meldingar om at folk skal vere med i fakkeltoget heile tida, seier Rekkedal Hill.

– Det betyr tryggheit å vite at du har spesialistane der du bur, legg ho til.

Gjør som fleire enn 23.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Rekruttering

Den nasjonale helseplanen slår fast at den store utfordringa i framtida vert å skaffe nok kvalifisert personell til å drifte akuttavdelingane. Det meiner Rekkedal Hill er ein sjølvoppfyllande profeti.

– Akuttavdelinga i Volda har vore trua av nedlegging i 12 år no. Viss du får høyre at avdelinga er trua som nyutdanna lege, då er ikkje jobben like attraktiv. Hadde Bent Høie sagt det motsette hadde det vore mykje enklare med rekrutteringa. Mister vi akuttavdelinga kan det også gå ut over rekrutteringa til andre avdelingar også. Det er ikkje fagleg like attraktivt for ein anestesilege å berre gjere planlagde operasjonar, illustrerer ho.

Fakkeltog

Fakkeltoget vil starte klokka 18 tysdag frå vestibylen på Volda sjukehus. Først vil det vere appellar frå forskjellige.

– Vi arbeider for å få til eit samarbeid med folkeaksjonen i Nordfjord også. I tillegg har vi invitert alle ordførarane på Søre Sunnmøre. Vi håpar å få til eit tverrpolitisk samarbeid om dette.

Les fleire nyheiter frå Søre