Frå kvar ende går bildekket i ein liten bakke. Under denne kulen får dei plass til både salong og lugarar. Dermed kjem salongen på same nivå som bildekket på ei tradisjonell ferje.

– Her blir det ein stor, lys og fin salong, seier teknisk direktør Sigvald Breivik i Norled.

Frå begge endane av ferja skal det vere flat og brei passasje til salongen. Frå midten av bildekket blir det ei trapp ned. Breivik understrekar at det blir breie ferdselsareal.

Og dette er kanskje første ferje med ei slik løysing med kul på bildekket.

– Vi har ikkje sett dette før, seier Breivik i Norled. Han meiner det er fleire fordelar med å gjere det slik.

– På denne måten kan vi lage ferjene mest mogleg trafikk- effektive, med store breie bildekk utan hindringar som er på tradisjonelle ferjer. Og så har vi unngått heis. Heile ferja har dessutan lite vindfang, som gir høg energieffektivitet.

Ladar ved kai

Dei to dieselelektriske hybridferjene er teikna av Bergen-baserte LMG Marin. Under normal drift skal ferjene ladast ved kai.

Tanken er at dieselmotor berre skal brukast i naudstilfelle.

Det er Norled som har fått retten til å trafikkere dette sambandet frå 2020, i konkurranse med Havila-eigde Fjord1. Norled vann anbodskonkurransen, men Fjord1 klaga fordi dei meinte Norled ikkje hadde alt i orden i søknaden sin.

Denne klagen vart avvist av Oslo byfogdembete. Dermed kunne Norled skrive kontrakt med verftet. Dei to ferjene skal byggjast og utrustast i Polen, av Remontowa Shipbuilding.

– Leveringsdatoen er slik at ferjene skal vere klare til januar 2020, seier Breivik i Norled.

Bygger om «Tidefjord»

Mellom Festøya og Solavågen skal det gå tre ferjer, og det skal vere avgang kvar 20. minutt.

Den tredje ferja er «Tidefjord», som i dag går mellom Sulesund og Hareid. Den skal byggjast om til hybridferje, opplyser Breivik i Norled.

Les om Norled sin konkurrent Fjord 1 si satsing på elferjer her.

foto
Dagens ferje «Hjørundfjord» ved Solavågen ferjekai (arkivbilde). Foto: Knut Arne Aarset