Gløym nye og dyre ferjer. Gløym kostnader til nye ferjekaier. Med måtar å rekne kontantstraumen på, treng ikkje Nordøyvegen å koste fylket ei krone.

Det meiner sentrale folk i næringslivet i Haram og Sandøy. Dei støtter seg på konklusjonane i ein rapport som analyseselskapet Deloitte har gjort på oppdrag frå verksemdene IP Huse og Rostein AS. Analysen har tatt utgangspunkt i mellom anna KS2-rapporten, som kvalitetssikrar økonomien i det store fastlandssambandet.

Tek ikkje pengar

– Dette visste vi jo frå før, seier Inge Huse, som ikkje vil seie kor mykje han har betalt for analysen. – Det ligg innafor det vi har råd til, smiler han.

Både han og dei andre i næringslivet Nordøyane meiner det kan vere nyttig for folk flest å sjå at Nordøyvegen etter deira meining ikkje vil gå ut over andre prosjekt i fylket.

– Vi legg ikkje fram denne rapporten fordi vi ikkje stolar på fylket sine eigne analysar, men vi vil synleggjere at vi ikkje tar pengar frå nokon, seier leiaren i styret for Nordøyvegen, tidlegare ordførar Bjørn Sandnes (H) i Haram.

Spare på ferjedrift

Ifølge analysen vil vinsten av å ta bort ferjene som går mellom Skjeltene, Lepsøya og Haramsøya (Rute 21) og sambandet Brattvåg, Fjørtoft og Myklebust på Harøya (rute 22), vere mellom 70 og 80 millionar kroner kvart år.

– Og då har vi ikkje tatt med kostnader til ambulansebåt og hurtigbåt, som også belastar det fylkeskommunale budsjettet, meiner Inge Huse. Han og dei næringsdrivande meiner utbygginga og finansieringa bør organiserast i eit aksjeselskap. Dermed meiner ein at fylket slepp å frykte auka utgifter.

Ferjesubsidiar

Analysen har laga tre scenario for lånefinansiering, som alle kjem gunstig ut for fylket. Med såkalla strukturerte lån, det vil seie variabel nedbetaling tilpassa straumen av kontantar ein har til rådvelde, kan fylket heilt unngå kostnader. Ja, kanskje løyve midlar.

Dei to andre er variantar av annuitetslån som kan påføre fylket relativt små kostnader i starten, og stor grad av ikkje nytta ferjeavløysingsmidlar i siste del av nedbetalinga.

I botnen av reknestykket ligg ei rente på 2,5 prosent, som er realistisk å få i dagens marknad med ei rentebinding på 15 år. Den viktigaste pilaren i finansieringa er vedtaket i stortinget om at ferjeavløysingsprosjekt kan nytte dei subsidiane som staten likevel måtte ut med om ferjene framleis skulle gå. I inntil 40 år kan ein nytte desse midlane som dermed blir ein viktig del av finansieringa av prosjektet.

– Og desse tilskota er indeksregulerte, seier stortingspolitikar Helge Orten (H) til Sunnmørsposten. Han sit i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, og meiner det burde vere realistisk å få ei avgjerd allereie til våren.

– Å nytte ferjesubsidiar på denne måten er ei ny ordning som kan nyttast i mange prosjekt. Det ville vere nyttig å prøve ho ut på Nordøyvegen, meiner Orten. Han har sjølv vore med å røysta for Nordøyvegen i fylkestinget, og meiner det er nyttig at fylket gjer ein grundig jobb for ein endeleg vedtar dette store prosjektet.

Utolmodig

Odd Einar Sandøy i brønnbåtreiarlaget Rostein seier til Sunnmørsposten at det har tatt altfor lang tid å få gjord dei endelege vedtaka om Nordøyvegen.

– Folket på Nordøyane er svært opptekne av vegen, og næringslivet er utolmodige etter å kome i gang, seier Sandøy.Det meiner også dagleg leiar Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk as.

– Vi har kjøpt ein fabrikkhall på Haramsøya. Så snart vedtaket om Nordøyvegen kjem, startar vi opp produksjon, seier Norvoll.

Deloitte-rapport som seier at Nordøyvegen vil vere lønsam for Møre og Romsdal Fylkeskommune. Finansiert av IP Huse og Rostein AS. Frå venstre: Guro Fasting (Deloitte) og Remi Eliassen (Deloitte). Foto: Johan Behrentz