På Jessheim har Veidekke bygd Akershus største og landets tredje største vidaregåande skule som eit offentleg-privat samarbeid, såkalla OPS.

– Vår erfaring med OPS er heilt grei. Det er ikkje nokon orakelmedisin, men ein måte å gjennomføre utbygging på. Vi har jo ikkje hatt nokon «rike onklar». Vi har bygd ein OPS-skule, og det har vore ein god prosess, seier Roger Morsund, direktør i prosjektavdelinga i Akershus fylkeskommune.

Nordøyvegen

Tidlegare denne veka blei det klart at private aktørar vil byggje vidaregåande skule på sørsida i Ålesund, for å sikre at fylkeskommunen byggjer Nordøyvegen. Tanken er at fylkeskommunen kan leige bygga og sleppe lånekostnaden i nokre år.

OPS er ein mogleg samarbeidsmodell som er brukt fleire andre stader i landet.

Med røter på Nordøyane er Morsund godt kjend med vegprosjektet. Og han meiner det blir interessant å sjå korleis eit samarbeid for skuleutbygginga i Ålesund kan setjast saman.

– Dei tenkjer at dei skal spare fylkeskommunen slik at det blir pengar til vegen. Her må ein finne ut av korleis ein kan gjere dette lovleg. Det er ein del regelverk å ta omsyn til, seier Morsund.

Konkurransesituasjonen påverkar prisen i ein OPS-konkurranse. Og Morsund ser at det på Austlandet no er ein litt høg marknadspris. Anboda på Nordøyvegen og det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal tyder på det same.

Må ha konkurranse

Professor Lasse Simonsen ved institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo er ekspert på blant anna offentlege anskaffingar. Han har ikkje tidlegare høyrt eksempel på at næringslivet knyter opp eit prosjekt mot lovnad om at fylkeskommunen realiserer eit anna.

– Næringslivet kan donere pengar, viss det er det dei verkeleg vil. Det er jo fantastisk bra, og det står respekt av dette viss dei vil gjennomføre eit spleiselag, men det må ut på offentleg anbod uansett, seier han.

Simonsen er klar på at anten fylkeskommunen vel OPS eller vel å leige eit nybygg for skulen på sørsida, må det ut på konkurranse. Då kan lokale aktørar seie at dei vil utføre oppdraget og gi eit lågt tilbod. Om fylkeskommunen leiger eit eksisterande bygg, treng det ikkje vere konkurranse.

Simonsen åtvarar fylkeskommunen mot å gå inn på OPS:

– OPS er ikkje gratis. Det er avbetaling. Ein slepp å betale no, men må betale med renter og det blir ikkje billigare, seier han.

Må tenkje to gonger

Også dr. ing Øystein Husefest Meland, som har forska mykje på OPS, er skeptisk til modellen som blir skissert for bygging av den nye skulen på sørsida.

– Det må vere ein type OPS dette. Og viss private byggjer, blir det normalt 40,50,60 prosent dyrare enn viss fylkeskommunen gjer det sjølv, seier Meland og legg til:

– OPS vil gi snillare tal første åra. Så tek det laus.

Han tenkjer likevel at viss utbygginga er kopla opp mot eit vegprosjekt som næringslivet har stor interesse i, så kan ein inngå ein avtale som er «snillare». Då blir det subsidiar.

Ifølgje Meland er det mange variantar av offentleg og privat samarbeid. Ei kopling mot eit anna prosjekt på den måten ein no ser med Nordøyvegen, kjenner han ikkje til. Men han er skeptisk:

– Viss fylkeskommunen ikkje har pengar, så bør dei tenkje seg om to gonger. I løpet av nokre år, så blir dette dyrt, fryktar han.