Familiestorleiken på Nordvestlandet varierer frå kommune til kommune. Det viser fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå. I grafikken over og i kartet til høgre kan du klikke på din kommune og sjå utviklinga dei siste åra. (Her er kartet i ei større utgåve.)

Nasjonalt har storleiken på gjennomsnittshusholdninga gått ned frå 3,3 i 1960 til 2,2 i dag. Men i den vesle kommunen Hornindal i Nordfjord går dei mot straumen. Her blir familiane nemleg berre større, heile 40 prosent av befolkninga bur i hushaldningar med fem personar eller meir.

Ikkje overraska

Hornindal-ordførar Anne-Britt Øen Nygård, som sjølv har fire barn, er ikkje overraska over at familiane er store i kommunen hennar.

– Eg er ikkje overraska over at vi peiker oss ut, vi er barnekjære i Hornindal. Og det er positivt at vi har store familiar, seier ho.

Og etter fleire år med stabilitet, er det no folkevekst i kommunen.

By og land

Seniorrådgivar Anders Falnes-Dalheim i Statistisk sentralbyrå forklarer forskjellen i husholdningsstorleiken i kommunane mellom anna med forskjellar mellom by og land.

– Vi ser at dei store byane har mindre husholdningar enn kommunane rundt. Det er gjerne slik at når man har treft ein partnar og ynskjer å stifte familie så flyttar man ut av byen. Dermed får man forskjell mellom by og land, seier han.

Og Hornindal er ein relativt landleg kommune.

– Vi tenkte sjølv at barna våre måtte ha en del søsken, slik at vi er sikre på at dei har leikekameratar, seier Hornindal-ordføraren.

Ustabilitet

Falnes-Dalheim forklarar nedgongen i familiestorleik mellom anna med dei gode økonomiske tidene.

– Fasen kor ein bur heime med familien er kortare. Unge flyttar tidlegare heimefrå enn før, mellom anna fordi man har økonomi til det, seier han.

Dessutan stiftar dei fleste familie seinare i livet enn før.

– Man har gjerne ein periode med ustabilitet og sambuarskap som ikkje varar. Det høge skilsmissetalet gjer også at åleineforeldre er vanlegare enn før, seier seniorrådgivaren.

Arbeidsinnvandring

Den auka tilflyttinga av arbeidsinnvandrarar mellom anna frå Øst-Europa bidreg også til å auke talet på små hushaldningar.

– Vi har ikkje veldig gode tall på dette, men ein stor del av arbeidsinnvandrarane er einslege menn, som gjerne bor åleine. Denne innflyttinga har også gjort at vi i 2011 for fyrste gang hadde eit overskot av menn i Norge, seier Falnes-Dalheim.