– Vi opplever at informasjon om diettane stoppar opp på veg inn på kjøkkenet. Og det kan bli katastrofalt for pasienten, seier Jan Arne Hove.

Han er kokk og avdelingssjef for kjøkken og kantine i Helse Møre og Romsdal. Onsdag var han ein av innleiarane på fagdag for kokkar i sju kommunar på søre Sunnmøre.

Samhandling

Hove meiner det trengst betre samhandling mellom sjukehus og kommunar for å sikre at kunnskap om diettar følgjer med pasientane ut til kommunane og sjukeheimane. Slik informasjon er like viktig som epikrisar.

– Mat er vel så viktig som medisin. Vi må hjelpe kvarandre til å bli gode til beste for pasienten, var bodskapen frå Hove.

Mange pasientar er underernærte. Dette veit ein blant anna ut frå screening på sjukehusa.

– Vi får bestilling frå avdelingane på næringsrika mat og tilpassa rettar. Og vi har direkte kommunikasjon mellom pasient og kjøkken for å unngå misforståingar, fortalde produksjonssjef på kjøkkenet ved Ålesund sjukehus, Hilde Valde.

Tilbakemeldingar tyder på at det ikkje er så mykje diettar ute i kommunane, og Valde meiner ein må finne ut kvar informasjonen om diettane stoppar opp.

Raskare frisk

Arne-Kåre Engeseth, kjøkkenleiar i Ørsta kommune, seier at diettar er blitt ei ny utfordring for kommunane etter samhandlingsreforma.

– No har vi fått minisjukehus ute i kommunane. Vi har ansvar for maten til folk i den mest krevjande fasen av livet. Og det er opp til oss å legge til rette for at maten er freistande, seier han og legg til:

– Med rett mat veit vi at pasientane blir raskare friske, men ingen ting vi lagar er sunt før dei som får maten, har ete det.

Mange utrygge

I medarbeidarsamtaler blant kjøkkentilsette i kommunane kom det fram at dei fleste følte seg utrygge på diettar og spesialkost.

Dette blei teke på alvor og er bakgrunnen for fagdagen, der ikkje minst Ørsta vidaregåande skule hadde ei viktig rolle.

Elevane sytte for mange gode smaksprøver og idear til energitett og delikat presentert mat.

Gjer som meir enn 23.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

<strong>OSA:</strong> Kjendiskokk Harald Osa heldt inspirerande, praktisk foredrag om mykje han meiner institusjonskokkane allereie kan. Det handlar om å presentere maten delikat og slik fremje appetitten.
<strong>ELEVAR:</strong> Kokkeelevane Vivian S. Brune (f.v.), Renate Amalie Røys Stave og Rebecca Helland var med og laga mykje god mat og smaksprøver til institusjonskokkar frå søre Sunnmøre.