Av: Sunniva Bøthun

Publiserer ikkje resultat fra arbeidsmiljøgransking

Resultata frå arbeidsmiljøgranskinga ARK på Avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda, vil ikkje bli publisert. Det skriv nettavisa Khrono. Undersøkinga kom i januar 2022 og Khrono har bedt om å få sjå resultata, men fekk avslag.

Dei har ikkje publisert dei resultata frå dei siste åra som har vorte gjort ved høgskulen og det har vore uro ved avdelinga over fleire år. Seinast i 2018 vart det publisert skriftleg og då var det nedslåande resultat. Tidlegare har det vore sjukefråvær på opp til 16 prosent ved avdelinga og Khrono har fått informasjon om at fråværet igjen er høgt. Punkta med størst utslag er «Fråvær av arbeid-heim-konflikt» og «Fråvær av personkonflikt».

– Undersøkinga på Avdeling for mediefag er basert på eit samla resultat frå fire einingar. På einheitene varierer resultata frå klar betring på nokre område til noko dårlegare resultat enn i 2018 på andre. På Avdeling for mediefag ligg vi litt lågare enn gjennomsnittet ved Høgskulen i Volda. Det er sjølvsagt beklageleg. Vi jobbar med arbeidsmiljøet kontinuerleg, seier dekan ved Avdeling for mediefag, Kate Kartveit til Khrono.

Siste nytt