Ei ny runde med kjerneboring for å undersøkje fjellkvaliteten i traseen for Stad skipstunnel er sett i gang av Kystverket. Målet er å redusere utryggleiken før den komande tunneldrivinga og sikringsarbeidet i tunnelen, skriv Kystverket i ei pressemelding.

Boringa skjer frå Kjøde-sida, der ein borerigg går inn i fjellet i overkant av fylkesvegen. Totalt skal det borast opp mot 1050 meter i retning nordvest, parallelt med den planlagde skipstunnelen.

Det har blitt bora tidlegare, i 2019, men då kom ein seg totalt 800 meter inn i fjellet. Av desse var om lag 150 meter i Kjøde-sida.

– Målet no er å få bora gjennom resten av tunnelen slik at heile tunnelløpet på totalt 1700 meter skal vere kartlagd. Vi gjer det for å ha betre kontroll på fjellkvalitet og grunntilhøve, som er eit sentralt risikoelement i prosjektet, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel, Terje Skjeppestad.

(©NPK)