Dei skal ifølgje politiet ha framstått som bevisstlause.

Begge vart tatt hand om og vart frakta til sjukehuset i Molde, melde politiet klokka 17.12 laurdag.

Mistanke om rus

Det var mistanke om at tilstanden til dei to unge mennene skuldast rus.

– Bilen køyrde om bord i ferja. Mannskapet reagerte når dei ikkje køyrde på land på Sølsnes, sa operasjonsleiar i politiet, Arild Reite, til Romsdals Budstikke.

To ferjeavgangar vart innstilte grunna hendinga, men frå klokka 17.25 gjekk ferja som normalt igjen.

Tok blodprøve

Operasjonsleiar Arild Reite opplyste til Sunnmørsposten klokka 19.20 at begge dei to personane då var på sjukehuset i Molde.

Det var ikkje innhenta forklaring frå dei, men det hadde blitt tatt blodprøve av bilføraren.

– Det er nærliggande å tru det er snakk om ruskøyring, men vi kan ikkje konkludere enno, kommenterte Reite.

Kan ha vore stolen

Reite opplyste også at dei hadde vore i kontakt med eigaren av bilen, men vedkomande var ikkje ein av dei to personane som vart funne bevisstlause.

– Det er derfor mogleg at bilen kan ha vore stolen. Dette er noko vi undersøker, sa operasjonsleiar Arild Reite.

Klokka 20.47 skreiv politiet på X (tidlegare Twitter) at bilen er meldt stolen og at det blir oppretta sak på forholda.

Søndag morgon seier politiet til Sunnmørsposten at dei to personane ikkje er avhøyrde enno.