Politiet får for tida mange førespurnader frå innbyggarar som har vore utsette for telefonsvindel, skriv dei på Facebook.

Det er snakk om personar som ringer frå 47-nummer og som seier dei er frå politiet. Vidare blir det fortalt at det er oppdaga mistenkeleg aktivitet med passet eller ID-kortet til den som blir oppringt.

- Dette er forsøk på svindel, varslar politiet.

Beskjeden er enkel til dei som får slik telefonar. Her skal ein berre legge på.

Politiet sin nettpatrulje kan kontaktast dersom nokon er usikre.