– Vi var ein gjeng oppe i Ulsteinhallen med flagg og grøne klede som heia på Karsten under semifinalen. Brått kom det frå meg at vi sjølvsagt burde markere dette med eit eige tog før finalen onsdag, fortel Knotten.

Toget skal gå frå Dimna grendahus til kulturhuset Sjøborg, det vil seie ca. åtte kilometer.

– Ein lang tur, men det ein liten innsats om ein samanliknar med den Karsten har gjort. Dette toget blir rett og slett ein hyllest til han, forklarer Trude Gurskevik Knotten.

Som ikkje forventar at Warholm skal ta medalje i VM.

– Vi håper sjølvsagt det går så bra som mogleg, men for oss har Karsten allereie vunne uansett. Finale i VM; lengre kan ein ikkje kome, seier Knotten.

Ho er sjølv frå Dimna og er engajsert i det lokale kulturlivet der. Til samlinga på Sjøborg onsdag kveld er det venta både folk frå Dimna, andre som er aktive i Dimna IL - og by- og bygdefolk elles.

Men først skal altså mange av dei ut på tur.

- Eg anar ikkje kor mange som blir med i toget, smiler Trude Gurskevik Knotten.