Ordførar Alfred Bjørlo (V) fekk seg ein kraftig smell. Tilbakegangen er på heile 13 prosent, men paartiet er i praksis like stort som den store valvinnaren Senterpartiet med ordførarkandidat Sigurd Reksnes i spissen.

Alfred Bjørlo og Venstre blei valets store vinnarar for fire år sidan, med heile 44 prosent av stemmene i Eid. Partiet fekk både ordførar og varaordførar. Sjukehussaka prega valet for fire år sidan, og det store spørsmålet er om forholda no normaliserer seg.

Ap, SV og Sp har danna ei raudbrøn blokk som er klar utfordrar, der både Sigurd Reksnes frå Senterpartiet og Siri Sandvik frå Arbeidarpartiet er lystne på å ta over etter Bjørlo.

I Fjordabladet si meiningsmåling sist veke fekk Venstre 33,8 prosent oppslutning. Partiet sin over gjennomsnittet profilerte ordførar har også sterk støtte som ordførar frå folk som seier dei vil stemme andre parti.