Det går fram av ein e-post frå Volda-rådmann Rune Sjurgard.

BAKGRUNN: Advokat tek sjølvkritikk etter dobbeltrolle

Sunnmørsposten prøvde onsdag å få kontakt med rådmannen på telefon. Då han ikkje svarte, sende vi e-post med følgjande spørsmål:

1. Kommunen har ifølgje avisa Møre visst at Andresen har medverka som advokat for Holsvik/Tomteservice. Ifølgje Andresen sjølv er det mange år sidan han informerte om den generelle forretningsmessige relasjonen han har til familien. Kvifor spør Volda kommune han då om råd i denne saka, når de veit at han har tette band til ein part i konflikten?

2. Kva tankar gjer du deg i ettertid, når du ser at det blir stilt spørsmål ved advokaten si rolle?

Hadde ikkje fatta

Sjurgard svarer ikkje direkte på spørsmåla, men orienterer om historikken i saka frå kommunen si side, slik han også gjorde til formannskapet tysdag.

Fleire politikarar ønskjer å få greidd ut kommunen si rolle og eventuelt ansvar i saka. I formannskapet blei det også klart at administrasjonen skal legge fram ei politisk sak etter ferien.

Kommunen er redd for å bli part i rettsprosessen, og dette var bakgrunnen for at dei rådførte seg med kommuneadvokat Andresen.

– På det tidspunktet hadde ikkje kommuneadministrasjonen fatta at Andresen sit i styret i holdingselskapet til Tomteservice, og at han var advokat til Tomteservice i rettssaka mot sanitetslaget. Administrasjonen var kjent med at Andresen til tider har bistått Holsvik, utan at vi har fanga opp slik at det stod tydeleg fram for oss at han var direkte involvert i denne saka, skriv Sjurgard til Sunnmørsposten.

Tek kontakt

Rådet var ei stadfesting av administrasjonen sjølv sitt råd, og det var knytt til det prosessuelle og i kommunen si interesse, ifølgje Sjurgard.

– Sjølv om advokaten i akkurat dette spørsmålet ikkje burde vore kontakta, så har det ikkje vore avgjerande for rådmannen sitt råd i saka, skriv Sjurgard og legg til:

– Volda kommune har eit godt samarbeid med advokat Andresen som er ein dyktig juridisk rådgjevar. Vi stiller ikkje i tvil Andresen sitt etiske gangsyn. For å unngå misforståingar og eventuelt uheldige situasjonar vil eg ta opp kontakt med Andresen for å avtale prosedyrar for informasjonsutveksling til der det er situasjonar som vi som klient må vite om.