(Sunnmøringen): Stranda kommune har i dag eit samarbeid med legevakta i Ålesund om tenester om natta. Seint i haust ba kommunen om eit utvida samarbeid etter at det har kome nye og strengare krav om legevakttenesta. Ønsket er at kjøpet av legevaktsteneste også skal gjelde legevakt kveld frå kl. 16.00 – 22.00, helg frå fredag kl. 16.00 til måndag kl.08.00, og høgtidsdagar(døgn). I tillegg ynskjer Stranda å kjøpe akutt døgnplass. Kommunen har frist på seg til mai for å få til ei legevaktteneste som stettar krava til tenesta.Like før jul hadde administrasjonen i VH legetenester og akutt helseberedskap i Ålesund kommune ein gjennomgang av førespurnaden.

Utfordringar

– Slik ein vurderer det så vil det krevje forholdsvis store kompenserande tiltak for å kunne ta inn Stranda kommune i eit utvida legevaktsamarbeid. Stranda kommune vil i sin heilskap ligge utanfor anbefalt reisetid for pasientar som skal til legevakt, og ein ser også andre utfordringar med å skulle tilby desse tenestene slik situasjonen ser ut nå, skriv verksemdsleiar Torfinn Strand Vingen i brevet til Stranda kommune.

– Med utgangspunkt i dagens organisering av Ålesund interkommunale legevakt så vil ein ikkje kunne imøtekomme førespurnad dykkar om utvida kjøp av høvesvis legevaktteneste og ØHD.

Kommunalsjef for helse- og omsorg i Stranda, Kjartan Lied, seier til Sunnmøringen at han ikkje har fått lese brevet. Han vil difor førebels ikkje kommentere det.

Denne saka vart først publisert på Sunnmoringen.no