Utanfor Walderhaug bakeri sitt Jelle saman med Sara Kristiansen. Dei er ute og patruljerer i Ålesund tysdag, og bakeriet er ein av dei første bedriftene som får besøk av LOs sommarpatrulje. Jelle og Kristiansen intervjuar ein av dei unge tilsette om arbeidsforholdet, og heldigvis for denne gongen er alle reglar fylgt. Cecilie Formo (20) tykkjer det var fint å få besøk av sommarpatruljen.

– Det var greitt å bli intervjua, og det er fint å vite meir om lovar og reglar. Eg lærte mykje nytt. Eg tykkjer det er bra at dei sjekkar ut korleis ungdommar har det. Her har eg jobba i eitt år, og no skal eg jobbe her heile sommaren, seier Formo.

Les også: Norsk Gjenvinning ilagt bot etter at sommervikar døde

Les også: Helse Møre og Romsdal klarer ikke å dekke vikarbehovet

Uanmeldt besøk

I over tretti år har LO si sommarpatrulje gjort sine overraskingsbesøk over heile landet. Patruljen kjem uanmeldt på besøk til bedriftene, gjer intervju av ungdommane ved arbeidsplassen og sjekkar ut arbeidsforholda. I fjor gjennomførte patruljen i Møre og Romsdal 700 bedriftsbesøk og 581 intervju av ungdommar. Her fant dei 22 prosent lovbrot, 128 bedrifter braut altså arbeidsmiljølova.

– Det er 22 prosent for mykje, sjølv om det er betre enn andre år. Eg håper på eit betre år enn i fjor. Det vanlegaste lovbrotet er manglande arbeidskontrakt, eller mangelfull arbeidskontrakt. Samtidig er det mange som jobbar overtid utan å få betalt. Vi kan hjelpe bedrifter med arbeidskontraktar. Om dei får besøk av arbeidstilsynet, og ikkje har arbeidskontrakter, får dei bøter. Så alle bedrifter bør ta imot sommerpatrulja, fortel Jelle.

Han seier dei fleste bedriftene er imøtekomande når dei kjem, men enkelte bedrifter jagar sommarpatruljen på dør. Om ein blir utnytta på arbeidsplassen sin, tipsar Jelle ungdommar om å ta kontakt med sommarpatruljen på telefon eller arbeidstilsynet.

– Spør mykje og ikkje godta alt, seier han.

Les også: Sju tiltak for å få flyktninger ut i jobb

Les også: LO kan godta null øre i lønnstillegg i år

Ei aha-oppleving

I år er det 28 frivillige i sommarpatrulja i Møre og Romsdal, og i fleire veker skal dei reise rundt i fylket. Mot slutten av sommaren leverar dei ein rapport som blir sendt til blant anna til LO sentralt og arbeidstilsynet. Sara Kristiansen er ein av dei frivillige og er med for første gong. Ho gler seg til sommaren.

– Eg tykkjer dette er eit bra tiltak, og sommerpatrulja kan forhindre at fleire havnar i ei felle. Eg høyrte om sommerpatrulja gjennom streiken som var i vår. Eg tykte det virka interessant og ville bli med, seier Kristiansen, som sjølv er lærling i hotellbransjen.

Etter å ha blitt med i patrulja, meiner ho å ha fått ei aha-oppleving då ho blei kjent med lovane og reglane.

– Det er mange lover som blir brote, og mange unge som blir utnytta. Eg håper vi finn mindre lovbrot i år, seier Kristiansen.

Les også: NHO foreslår lovfestet minstelønn i Norge

Les også: Sauer på sommarjobb

Tryggleik

Regiondirektør Torill Ytreberg i NHO Møre og Romsdal, seier det er bra at LO har kontrollar på somrane.

– Det gjer at alle skjerpar seg. Dessutan er det ein fin tryggleik for ungdom som kanskje er ute i sin første jobb, meiner ho.

Ytreberg seier NHO kvar vår brukar sender ut standardkontraktar til medlemsbedriftene, og minner dei på at også sommarvikarar skal ha kontraktar. Ho tykkjer ikkje det er bra at det var 22 prosent lovbrot i Møre og Romsdal i fjor.

– Kvart lovbrot er eit lovbrot, og ein må alltid bli betre. Vårt inntrykk er at våre medlemmar held seg til lova og fylgjer våre råd, seier Ytreberg.

foto
<strong>Lærte noko nytt:</strong> Cecilie Formo (20) lærte noko nytt då ho blei intervjua av LO si sommarpatrulje. Foto: Nikolas Birkevold Farstad