Klikk i den interaktive grafikken for å sjå stoda i di kommune! I boksen oppe til venstre vel du dei forskjellige årstala.

I fleire år har kommunane på Nordvestlandet brukt meir pengar enn dei bør. Dei færraste kommunane greier å oppnå treprosentsmålet som er teikner på sunn økonomi og ein økonomi der ein greier å legge av pengar til komande tider.

I staden bruker kommunane over evne.

Mellom dei verste i landet

- Dei tærer på framtidas generasjonar, seier rådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Martin Gjendem Mortensen.

Kommunanane på Nordvestlandet ligg under landsgjennomsnittet når det gjeld sunn økonomi. Kommunane er også mellom verstingane i landet når det gjeld å vere gjeldstynga.

Ein kan sjå ein svak tendens til betring i fjor, men det kan ha samanheng med rein talsjonglering etter nye reglar for kva momskompensasjon skal førast i rekneskapen.

Følg smp.no på Facebook her

Skular i faresona

Verst ute i 2012 var Selje kommune der ein er i gang med å snu alle steinar for å kutte kostnader. Skulestruktur står på programmet, og Ervik skule og barnehage er mellom dei som er i faresona.

FAU-leiar Jon Frogner seier skulen er ein kvalitet i eit slikt småsamfunn, og har god tru på at politikarane skal forstå at ein ikkje kan legge ned ein skule i ei bygd som har folkevekst.

Les meir om saka i dagens utgåve av Sunnmørsposten. Du kan kjøpe ho elektronisk her.