Politiet i Ørsta og Volda haldt ein pressekonferanse om politiåret 2012 i dag torsdag. Oppklaringsprosenten til politiet i dei to kommunane ligg på 52,9 prosent. Landssnittet ligg på 36 prosent. Det skriv Møre-Nytt.

Det er særleg brotsverk mot anleggsområde og uteplassar politiet må rykkje ut til.

– Det er for tida mykje anleggsarbeid i Austefjorden i samband med Kvivsvegen. Der er det samla mykje verktøy. Vi har hatt veldig mange tjuveri av verktøy frå desse anleggsplassane. Dette er vanskelege saker å oppklare, då dei skjer på tidspunkt det er roleg på anlegget. Det er vanskeleg å vite om det er lokale folk eller mobile vinningskriminelle som står bak, for vi har låg oppklaringsprosent på desse sakene, seier Egil Rustad til Møre-Nytt.

I tillegg auka talet på narkotikabrotsverk i kommunane i 2012. I 2011 blei det gjort 52 narkotikabrotsverk. I 2012 auka dette til 94 registrerte saker.