– Jonsokfeiring står framleis sterkt langs kysten, på Vestlandet og Sørlandet, men ikkje like sterkt som før. Det er det nesten ingen andre tradisjonar som gjer heller, seier kulturhistorikar Anne Kristin Moe, direktør ved Nordfjord folkemuseum.

Av dei tradisjonelle høgtidene er det berre jula som står sterkare enn jonsok her i landet.

Bål.

Moe trur likevel det er rett at feiringa er blitt redusert siste åra. Til dømes er det vanskeleg å tenne bål i byar.

Feiringa er også retta meir mot barn enn det var før.– Når det er meir aktivitetar for barn, er det eit teikn på at feiringa er på veg ut av tradisjonen, seier Moe og viser til barneleikar som betyr at ein ikkje lenger trur på det det opphavleg var meint å vere.Fram til 1770 var jonsokdagen helgedag. I moderne tid tilpassar ein gjerne tradisjonen og legg feiringa til ei helg, når folk har fri.

Magisk.

Å legge blomster under puta på jonsokaftan er eit gammalt fruktbarheitsritual. Då skal ein visstnok drøyme om den ein skal gifte seg med.

Bålet står sentralt i feiringa, slik det gjorde også i heidensk tid. På 1700-talet prøvde prestar å forby bål, men lukkast ikkje.– Bålet heldt fram med å vere sentralt, og det heng saman med fruktbarheit. Bål, lys og eld forsterkar sola si kraft og er livgivande krefter. Samtidig som det beskyttar mot det vonde, seier Moe og legg til:– Sola snudde, og det blei meir opning mellom himmel og jord. Det var ei magisk natt.

Færre.

Ei undersøking utført at Stiftelsen kirkeforskning, Kifo, i 2013 viser at det er færre enn før som feirar jonsok eller St. Hans. Ifølgje forskning.no viser undersøkinga motsett tendens i Sverige og Danmark.

– Det var ei omfattande og grundig undersøking, der vi også har sett på andre nasjonale feiringar. Undersøkinga viser også nedgang for 17. mai-feiring, seier Pål Ketil Botvar, forskar i Kifo.Dei har samanlikna med ei tilsvarnde undersøking frå 1999, og ser nedgang. – Det er ein individualiseringstendens som ligg bak. Kollektive feiringar slit med å samle folk. Ofte er det velforeiningar, lag og organisasjonar som tek initiativ til slik feiring, og det er færre som stiller opp i dugnadsarbeid. Vi ser at dugnadsinnsatsen går ned, og dette er det same som skjer i andre type feiringar, seier Botvar til Sunnmørsposten.Han fortel at det var eit breitt utval som blei spurde i undersøkinga. Oppunder 1500 personar fekk spørsmål om dei hadde delteke i offentleg markering eller offentleg feiring av 1. mai, 17. mai og St. Hans siste året. Eventuelle skilnader mellom by og land, kjem ikkje fram. Derimot ser ein skilnad på landsdelane.– Tala indikerer at St. Hans-feiring er eit regionalt fenomen, meir enn eit by-land fenomen, meiner Botvar.Mest kollektiv feiring finn vi på Vestlandet, der tett oppunder 20 prosent har svart at dei har vore med på offentleg feiring av jonsok. Nord-Norge og Midt-Norge ligg like bak med vel 18 prosent. Tilsvarande tal for Oslo, Austlandet elles og Sørlandet ligg rundt ti til elleve prosent.Eit raskt søk i Sunnmørsposten si oversikt over arrangement denne sommaren viser at det fleire plassar er organisert feiring av jonsok og midtsommar. Også på Facebook finn vi fleire meir eller mindre organiserte opplegg for jonsokfeiring.

<strong>Kulturhistorikar:</strong> Anne Kristin Moe er direktør for Nordfjord folkemuseum. FOTO: HILD NORDAL