Ein syklist er skadd i ei ulukke i Ørsta sentrum tidleg måndag ettermiddag.

- Ein mann i 60-åra vert frakta til sjukehus i ambulanse. Det viser seg å vere ein syklist som har velta i vegbana og pådrege seg hodeskadar, opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt.

Ulukka har skjedd på ein gang- og sykkelveg i Ørsta.

Ulukka skjedde ca klokka 12.15, og det var i 12.30-tida uvisst kor skadd syklisten var.

Ifølgje kjelder smp.no har vore i kontakt med, skal det ikkje vere snakk om kollisjon mellom sykkel og bil.

- Det var ingen andre køyretøy involvert, bekreftar Ødegård.

Tips smp.no på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!