Arbeiderpartiet med ordførarkadidat i Ottar Jan Løvoll har stor framgang og er no det største partiet i Vanylven kommunestyre. Også Venstre har stor framgang og vert nest størst i kommunestyret med fire mandat.

Den alltid like blide ordføraren Jan Helgøy frå Kristeleg Folkeparti pensjonerer seg – også frå politikken. Dermed er arvekampen om trona i gang.

Alle partia utanom Arbeidarpartiet har gjort avtalar om å snakke saman etter valet. Dermed må Arbeidarpartiet gjere eit brakval for å få ordførar.

Men i Vanylven er det tradisjon for hestehandling om verv, så her kan mykje skje. Ordførarkandidatar er Ottar Jan Løvoll ( Ap), Øystein Blom (KrF), Lena Landsverk Sande (V), Ane M. Søvik Nygård (H) og Bjarne Sæternes (Frp).