– Ja, langs kysten ser det ut til at det blir fint vêr ei god stund til langs kysten av Sunnmøre og Nordfjord. Søndag ser bra ut, og så kan det kome litt regn natt til måndag. Men det forsvinn måndag føremiddag. Deretter ser det ut til at det blir bra iallfall til onsdag. Etter det er prognosane usikre, seier vakthavande meteorolog Anne-Mette Olsen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Kva med indre strok?

– Der har det vore lokale regnbyger i dag, og slik ser det ut til å halde fram. Men desse bygene er lokale, så ein del område i indre strok får mykje fint vêr. Og temperaturane er høgare her enn langs kysten.

Kraftig torevêr rundt Bergen

– Kan vi få torevêr?

– Ja, det er fare for tore i bygene. I dag har det vore mange lynnedslag i bergensområdet, men det er ikkje registrert slike nord for Sognefjorden førebels.

Temperaturane vil ikkje endre seg nemneverdig dei neste dagane. Det vil seie at gradestokken vil ligge på rundt 15 grader langs kysten, og opp i 20 grader i indre strok på dagtid.

Størst skogbrannfare sør for Stad

Laurdag sende Meteorologisk Institutt ut varsel om lokalt stor skogbrannfare på Vestlandet sør for Stad.

– Faren varierer mykje frå stad til stad. Enkelte stader har det kome nedbør, og der skal det meir til før det startar å brenne.

– Kan det bli sendt ut varsel for områda nord for Stad?

– Det ser ikkje slik ut med det første. Her har mange stader fått nedbør siste tida, og vi vil ikkje sende ut varsel med det første med mindre vi får tips om at eitt eller fleire område er svært tørre, seier Olsen.